Om Oss

Me er to godt vaksne damer som lenge har hatt ein draum om å få hand om hus, og så til noko aktiviter i heimbygda. No gjekk endeleg denne draumen i oppfylling. Tordis Alme har i mange år arbeida med Grøn omsorg både med folk og dyr. Etter å ha avvikla flytte ho omsider heim til heimbygda. Gudny Alme har vore fleire periodar i Hebron i humanitært arbeid for flyktninghjelpen.

Samvirkelagsbygget som i mange år har stått tomt har no kome i deira hender. Då byrja planlegginga om ombygging og opplæring i bakarkunsten. Dei var i Lom på opplæring hjå Morten Schakenda. No har det gamle samvirkelagsbygget gått frå å stå tomt til og bli eit attraktivt hus med god atmosfære og røyk frå pipa.

På åpningsdagen var det fullt hus og stormande jubel.
Der var skulekorps med sjølvlaga song:

LUSTRABUI   26.APRIL  2008

 

 

Mel : Det bor en baker.

 

I Lustrabui der er det saker.

Ja, tenk at brød dei i steinomn baker.

Dei baker store, dei baker små.

Dei baker nokre med sukker på.

 

 

To vaksne damer bak disken surrar.

Dei miksar kaker og kanel snurrar.

Og har du pengar så kan du få.

Ja god butikk blir det skal du sjå.

 

 

Me ynskjer lukka og hell med drifta.

Og at de ingen no vil forgifta.

Me håpar kundar i fleng vil gå.

Til Lustrabui for bakst å få.

 

 

Helsing

Dale Skulemusikk / Hurt`n og Sturt`n

 

Og Sjur Fuhr stilte med eigen laga prolog som han sjølv framførte:

 

PROLOG TIL OPNING AV LUSTRABUI,

26. april 2008.

 

Førd i pennen og framførd av Sjur Fuhr.

 

Som eit myrkt og stranda vrak,

midt i grenda, tomt og livlaust huset låg der.

Det var helst ei trist og dårleg sak

du til dagleg møtte, og du såg der.

Riv det ned og få det vekk,

slik var tankane du fekk.

 

Men så kom det damer tvo med bein i nasen,

arbeidslyst og styrke fylgde også med.

Desse tvo snart kjøpte heile vrakingsstasen,

det vart liv og rørsle der det før var evig fred.

Snart var heile huset restaurert og sett i stand,

som eit resultat av framtidstru og arbeidshand.

 

Steinomnen til brødbaksten vart ferdig.

Handledisk framføre breid og flott.

Alle ting eit praktbygg nå heilt ut er verdig.

Vår spådom er at tiltaket går godt.

Brød og kaker ut frå omnen strøymer.

Damene om kundeflokken drøymer.

 

Frå kafeen kjem du inn i festlokalet,

her kan kjøpast kaffi, brus og kaker.

Bord og stolar mange er i talet.

Her er plass til mange lekre gode saker.

Skal du skipa selskap eller kanskje fest;

Her lokalet er som deg vil høva aller best.

 

I eit rom bak sjølve festlokalet

finst det hjelp for trøytte såre føter.

Her du fotdoktor kan få i tale

når til avtalt tid du fram her møter.

Kanskje kjem det også ein frisør,

stell av hår vert lettare enn før.

 

I eit anna rom der bak sit soneterapeuten.

Hennar vare trykk der under foterista

skapar lindring i den vonde smertestøyten

som du trudde før du hadde mista.

Har du vondt i kroppen, snakka straks med henne.

Hjelp eg trur du straks vil få og kjenne.

 

Lustrabui, lukke til med verket.

Her vert senter midt i Luster, her me bur.

Måtte alt gå godt med damer sterke,

resultatet vert nok bra, me alle trur.

Det er bruk for folk som ting kan skapa.

Me trur visst, de kan slett ikkje tapa.

 

På veggane i Lustrabui er både galleri og salgsutstilling for Signe Forthun Veka sine akvarellar.

Det er også ein klinikk på baksida som Eva driv. Det kan du lesa meir om på Linken "Klinikken" på sida.

 

Lustrabui.no © 2008 • Me vonar du tek turen innom!

www.lustrabui.no